Kategorier
Skrivekurs Uncategorized

Smakebiter fra skrivekurs

brit-marie-lindahl
SKRIVEKURSDELTAGER: Brit Marie Lindahl skriver dikt fra natur og hverdagsliv.

Noen ganger blir hverdagstanker til fine refleksjoner som kan være til støtte for en selv og andre. Brit Marie Lindahl har vært en av mange deltakere på Litteraturgarasjens skrivekurs. Her er et av diktene hennes.  

Takknemlighet

tenk om livet berre besto av glede
ville vi blitt glade for noko som helst då
-eller berre sorg
ville ingenting lenger bli trist

einkvan kan tenkja sjølv kvaslags samfunn det måtte bli
vi treng dei både

tenk om livet berre besto av styrke
at skulle vi plukke ei rose, så vart den knust av styrken vår
og skulle vi gje nokon eit stryk på kinnet, vart det hardt som eit piskeslag
i mange situasjoner treng vi også svakhet
kva viss livet berre besto av svake mennesker
kven skulle dratt oss opp att då, når vi ligg nede
om ikkje venen din sa at dette må du berre kome deg igjennom
men eg har styrken. Eg skal bera børa di med deg
vi treng dei både

tenk om livet berre var kvitt
sjog rundt på alle kantar, på alle fjell, kvite steiner på alle strender
kvite tenner som ler og berre har det morosamt
kvite roser til pynt og kvitost til mat
kvite bunadssko i dansen og kvit fjellbunad
kvite kyr på jordet og kvite bringebærdrops
eller om alt var berre svart
oljeglinsende asfalt, bekmørke klær på alle mennesker, og svarte blikk som skuler på einannan.
svarte vegger på alle barnerom, som skulle dei skamme seg for noko
barn som burde få vera reine som sjog

tenk om ikkje alle farger fantes
ingen raude barnekinn
ikkje gule solstrålar,
eller grøne marker i naturen,
som vi kan liggje i og kikke på himmelen blå

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..