Beste Litteraturgarasjen!
Det finst mange favorittbøker; forfattarar som har endra livet mitt, litt. Men i luka mi er Kjell Askildsen: Han kjenner eg har redda livet mitt, litt – med novellesamlinga En plutselig frigjørende tanke.
Eg gjekk siste halvåret på Teaterhøgskolen og var omringa av daudliner. Eg skreiv sjølv om eg ikkje skreiv, tankane gjekk fort, og dei bråkte. Eg klarte til slutt ikkje å sove. Eit par månader tidlegare hadde eg site på ein buss i Beograd med Kjell Askildsen ved sida av meg. Han sat der berre og såg klok ut, og eg sat der berre og hald kjeft og lurte på korfor eg aldri hadde lest noko av Kjell Askildsen. Denne tanken må ha dukka opp igjen èi av daudlinedagane, eg gjekk på biblioteket og lånte En plutselig frigjørende tanke. Det blei slik at eg las èi novelle på senga kvar kveld. Og tankane blei rolegare. Dei handla ikkje lenger om mine historier, dei kvilte i Askildsen sine opne, fine: Kven var dei, desse menneska han skreiv om – og kva skjedde eigentleg? Ein stad i denne undringa sovna eg. Kvar kveld. Og kunne ta til på mine eigne historier, når morgonen kom.
Søvn og undring – og nye historier. Det er jo noko å ønskje seg til jul.
Gode tankar frå
Gyrid.