Kategorier
julekalender 2014

7. desember – Margit Kiland – Bibelen

7 desember margkit kiland

Favorittboka.

Bibelen er boka over alle bøker for meg. Då eg vaks opp i Fyresdal på 1950- og 60-talet, hadde ikkje ungar så lett tilgang til bøkar som i dag. Men på heimegarden hadde me ein gamal biletbibel. Eg gøymde meg vekk og las desse fargerike og dramatiske forteljingane om ormen som lokka Eva til å eta av frukta på det forbodne treet, om Noahs ark og syndefloda, om Sodoma og Gomorra og kjeringa til Lot som blei til ein saltstein og om Jesus som metta 5000 i øydemarka. Og ikkje minst den skremande«fantasy»-forteljinga Johannes Openbaring med teikningar av den store stiden mellom erkeengelen Mikael og Draken, den gamle ormen. Eventyrlege forteljingar som stimulera fantasien og gav ei lita jente mykje leseglede. Bibelen har inspirera mange store forfattarar, og er ei bok som eg aldri blir ferdig med. Ei fabelaktig bok om dei evige spørsmåla i menneskelivet: fødsel og død, hat og tilgjeving, tru og tvil, fortaping og frelse. Amen.

Helsing frå Margit

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..