gyrid axe øvsteng

FOTO: Eirik Brekke

Tekst: Dramatiker Gyrid Axe Øvsteng

Da eg var ung dramatikar fekk eg råd av èin som var noko eldre: Ikkje ta dei små oppdraga. Bruk tid. Lag Det Store Stykket, for Det Store Teatret. Tek du smått og stort, blir du aldri Stor – eller interessant. Eg fulgte ikkje rådet hans. Eg har tatt dei små oppdraga også – skrive mange korttekster og einaktarar. Sams for desse er at dei aldri har kjentest små når eg skrive dei. Ikkje etterpå heller, vil eg meine – sjølv om sidetalet ikkje er mykje å skryte av. Eg har funne at stort kan seiast, også i lite format. Men har eg blitt stor?

Somme gonger har eg tatt oppdrag eg syntest høyrdest kjedelege ut. Sams for desse er at dei aldri har vore kjedelege å skrive. Eg tør påstå at resultatet heller ikkje har blitt kjedeleg – kanskje tvert om: Motstanden eg kjenner for slike prosjekt får meg til å sette inn eit ekstra gir, og dette har ofte syntest. Eg har funne at skrivinga blir kjedeleg først når ein ikkje engasjerer seg – når ein ikkje legg seg sjølv i arbeidet. Men har eg blitt interessant?

Bygda eg vaks opp i kjentest for lita for meg. Det gjer ho framleis – fordi eg ikkje finn meg sjølv der. Grenland kjentest ganske lenge for lite; teltpluggane sat laust, og eg lengta etter å stappe teltet lengst inne i ei bod i ein kjellar i ei blokk i Oslo. Eg likar å vera i Oslo, men teltet ligg i ei bod i eit rekkehus i Skien. På underleg vis fann eg meg sjølv her, i ein nedlagt papirfabrikk, på eit lite blautkaketeater, ved elvebreidda saman med tre beverar. Åstader for små stykke, som har fått god plass i hjartet mitt.

For nokre år sidan havna eg på Aulestad i vesle Gaustal. Oppland Fylkeskommune ville eg skulle skrive ein scenetekst for ungdom om Bjørnstjerne Bjørnson, eg har aldri vore særleg oppteken av Bjørnson, visste knapt noko om han, og er skikkeleg dårleg på å gjera research. Eg blir i tillegg kraftig provosert når ein alltid skal tenkje «læring» når teater skal lagast for ungdom. Sant å seia kunne eg knapt tenkje meg noko som var mindre freistande å skrive enn nettopp dette stykket, men kortterminalen på Rema ropte «avvist», og brått sto eg der med ein underskriven kontrakt mellom Oppland Fylkeskommune og meg sjølv. Mannen som skulle ha regien på stykket kjente meg ikkje, og eg kjente ikkje han. Det kom også fram at folka i fylkeskommunen aldri hadde lese eit stykke av meg. Alt låg til rette for fiasko.

Heldigvis synte det seg at både regissøren og fylkeskommunen hadde ei ope sinn, og syntest det var viktig at ég fekk vera még under skrivinga. Og da blir det eit annleis stykke om Bjørnstjerne Bjørnson; det blir ikkje eit stykke som passar inn i pensum. Eg fann ut at Bjørnson brukte meir tid på politiske saker enn på å skrive dramatikk, Ibsen hadde endatil gjeve han råd om å slutte med denne politikken og heller fordjupe seg i kunsten, han ville aldri bli nokon god dramatikar om han ikkje gjorde dét. Kanskje hadde Bjørnstjerne (ja, eg kom etterkvart på fornamn med han) vore ein betre dramatikar om han hadde konsentrert seg meir om å skrive dramatikk istaden for alle desse breva han skreiv for å prøve å redde verda. Bjørnstjerne var livredd for å døy, han skreiv fort og mykje, døden pusta han i nakken så han tidt måtte ta seg eit bad for å bli varm igjen. Det var dét som fekk meg interessert i dette dødsens kjedelege prosjektet – som enda opp med å bli så uendeleg spennande å skrive.

17.mai 2010, den første eg feira etter å ha skrive Bjørnstjerne-stykket, var også første gongen eg grein da eg sang nasjonalsangen. Eg meinte å kjenne hjartet som hadde skrive den. Det var stort.

Noko anna stort: Regissøren av Bjørnstjerne-stykket synte seg å vera ein kunstnarleg sjelevenn. Nå held vi på med eit nytt prosjekt. Vårt. Store stykke. For ei tid sidan pusta døden også meg i nakken, og det var ikkje nok med varme bad: Kroppen fekk ei behandling som gjer at eg nå er tvungen til å vera langsam. Så kanskje dette blir Det Store Stykket? Og ég – stor?

Nei.

Eg trur ikkje eg blir korkje stor eller særleg interessant, det gjer meg ikkje så mykje: Livet mitt kjennest ganske ofte både stort og interessant, og eg trur noko av grunnen til dét er at eg ser stort i smått. Det er viktig for még. (Men det var nok likevel godt, rådet han gav, denne mannen: Han er Stor, nå.)

 

Gyrid Axe Øvsteng

Gyrid Axe Øvsteng (f. 1974) debuterte som dramatikar i 2000. Ho har hatt stykke oppført på m.a.  Det Norske Teatret, Rogaland Teater, Teater Ibsen og Dansens Hus. Stykka hennar har også vore spelt i Moskva, Århus, Chicago og Firenze. I dei seinare åra har ho vore spesielt oppteken av å skape scenetekster for barn og unge, og i 2009 debuterte ho som barnebokforfattar. Ho er sist sett saman med tre beverar ein stad mellom Skien og Porsgrunn.