Kurt Johannessen liker helst å feste ting ned på papiret, enten det er dikt om musestille bamsemums i en skål eller elefanter risset inn med spiss blyant.

kurt-johannessen-1

 

(Tekst og foto: Astrid Borchgrevink Lund/Litteraturgarasjen)

Tegninger, performance og bøker på eget forlag. Samtidskunstneren fra Bergen gjestet Porsgrunn Kunstforening lørdag med åpning av egen utstilling ”Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarken si reise”. Søndag fikk han boltre seg blant annet på gulvet i den gamle trebygningen i Storgata i Porsgrunn . Noe planlagt, andre ting ikke. Men performance ble det.

Sirkler og prikker
Tilbake til tekstene. For mens veggene i kunstforeningen er dekket med strektegninger av løsslupne elefanter, mengder av sirkler og ørsmå prikker, har Kurt Johannessen en solid bokproduksjon å stå til ansvar for. Noen av tekstene fremførte han på åpningen. Tekster det var lett å humre av.

Produktiv
– Jeg er opptatt av å se ting på nye måter. Slik blir det både mange ord og bøker av.
– Kan du tjene noe på dem?
– Ja, fordelen er å gi dem ut på eget forlag. Men noen er også kjøpt inn av bibliotekene, sier den produktive kunstneren til Litteraturgarasjen.
Smakebiter
En av de ferskeste bøkene ”Det blåe” ble gikk ut i oktober i fjor, bestående av 56 sammenhengende tekster. Her er en av dem:

Røynda berre dukka opp. Sånn heilt plutseleg midt i festen. Alle snudde seg sjølvsagt. To personar mista til og med vinglasa sine. Kvitvin, heldigvis. Nokre lurte på om røynda var invitert, men dei fleste skjøna at ho ikkje var det. Ingen inviterer røynda på fest. Det seier seg sjølv. Litt underleg var det derimot at røynda viste seg som ein sitron som var overtydd om at han kunne trylla. Det blei med det veldig mykje meiningslaus fekting med tryllestaven. 

Tryllestaven trudde lenge at det var han som trylla. Det kom som eit sjokk på han at det heile var sett i scene av den såkalla tryllekunstnaren. Tryllestaven tok det svært tungt, og var ikkje seg sjølv i tida etter. Ein dag forsvann den kvite kaninen.

Kvekk eller ikkje-kvekk. Det verka mest som eit ikkje-kvekk, sjølv om det minte veldig mykje om eit kvekk. Eit ikkje-kvekk er nesten som eit kvekk. Det seier seg sjølv. Men eit ikkje-kvekk er ikkje eit kvekk. Det burde ikkje vera så vanskeleg å skjøna, sa han og veiva vilt med armane. Han skulle halda eit føredrag om kvekking neste morgon og låg langt etter med førebuingane. Han hadde ingen plan om korleis han skulle komponera føredraget. Det verste var likevel at det faglege kunnskapsnivået hans om kvekking var mikroskopisk. Han hadde ein gong høyrt at det hadde noko med damer å gjera. Det kan vera forklåringa på kvifor han hadde sagt ja til oppdraget. Han skjøna etter kvart at han hadde minst eitt problem, og han prøvde å erstatta fagleg usikkerheit med underlege kroppsrørsler i håp om å ta merksemda vekk frå innhaldet i føredraget. Ein god plan. Absolutt. Han kjende seg dessutan mjuk og fin i kroppen, så dette burde gå bra, meinte han. Badeanda sat livredd heilt inntil veggen, nede ved golvlista. Dette var noko av det verste ho hadde opplevd nokon gong. Ho hadde vore ute for ein god del føredragsutprøvingar tidlegare, men dette tok kaka. Denne typen var tydelegvis ikkje heilt god. Det heile kunne fort koma ut av kontroll, og situasjonen kunne bli farleg. Det var tydeleg at han ikkje skjøna kva handlingane hans kunne føra til. Badeanda gjorde alt ho kunne for ikkje å byrja skjelva. Om så hende, kunne skjelvinga forplanta seg i heile huset.

Atlasen sleit litt for tida. Det var fleire ting. Det eine var den der evinnelege kriginga som gjorde at han heile tida hang etter. Nye land oppstod, grenser blei flytta. Han fatta ikkje kva alt det der skulle vera godt for. Alle blei jo berre forvirra, ikkje minst han sjølv. Det andre var at han rett og slett var lei av å vera atlas. Han ville gjerne prøva noko anna. Omskolera seg. Han var jo populær og all ting, men ein måtte jo få lov til å endra litt på saker og ting for det. Sjølv om han var godt likt av andre, var det jo viktigast kva han sjølv ville vera. Det var jo ingen ting som sa at han måtte vera atlas for all tid. Han måtte sjølv få avgjera kva han ville vera. Atlastilværet kjendest så kunstig og meiningslaust etter kvart som tida gjekk. Han ville heller vera noko som var inne i den verkelege verda, ikkje berre vera noko som var om verda. Vera ein del av den verkelege verda. Vera i verda. Vera i 1:1. Han hadde lenge sett føre seg eit tilvære som ein sjarmerande liten fjellgard, med geiter, sauer, nokre høner, ei ku, ein katt med tre kattungar og ein liten gut med open munn der ei tunge kom ut, og på tunga openberra det seg eit bjørnebær.
Eit bjørnebær som var blitt dårleg, ein lakrisbit som nokon hadde togge på og spytta ut, eit blåbær som helst ville ha vore ein sauehund, ein ring, ei død fluge, ein frosk som ikkje var ein verkeleg frosk, men som likevel innbilte seg at han kunne kvekka, og ein bamsemums som hadde mista den eine foten, stod forventningsfulle utanfor døra til den gule badeanda, uvitande om at badeanda var i dusjen og ikkje høyrde at det ringte på døra. 

 

Her er Kurt Johannessens egne ord om utgivelsene:
Eg har laga bøker sidan 1984. Alle mine bøker gir eg ut sjølv på eige forlag. Forlaget heiter Zeth Forlag. Namnet kjem frå performancen Zeth (1993), og boka Zeth (1996). Eg arbeider både visuelt og tekstbasert. Som oftast er bøkene enten tekstbasert eller visuelle, men i nokre tilfelle er det ein miks. Mange av bøkene inneheld korte tekstar, heilt ned til berre to ord. Fairy-tale (1985) har berre ein setning med 20 illustrasjonar. Pust (2006) har to setningar som blir gjenteke gjennom heile boka, medan Eg er ein frosk (2007) har ein setning som veks til noko langt,  kompleks og surrealistisk. Øvingar (1994) er ein overlegen bestselgjar. I 1985 laga eg to bøker som er grunnlaget for måten eg arbeider med tekst på, And Visible Words and og Walking Frog and Ghostjokes. Desse bøkene er på mange vis dei viktigaste bøkene eg har laga. I 1997 laga eg boka 23 Farger, og i 2001 laga eg boka Og. Desse tykkjer eg sjølv er dei mest poetiske eg har laga. Evolusjon (2002) er kanskje den vakraste boka så langt. I 2005 laga eg boka Fotball med meir, som er desidert noko av det raraste eg har vore inni. Boka førde meg dessutan inn i kaos og kompleksitet, og med det ein ny måte å arbeide på. Dette arbeidet førde meg tilEg er ein frosk (2007) og Hendinga (2009). Sjølv om kompleksitet til tider fører til mange ord, kan det og føre til få ord: Eg er(2009).

Utstillingen i Porsgrunn Kunstforening, ”Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarkens si reise”, er et samarbeid mellom Bergen Kunstmuseum og Nasjonalmuseet. På Kurt Johannessens hjemmeside kan du finne mer informasjon.